Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Årets julegåve er her! Ledig stilling som seljar i Team Norse | Norse Feedback | Sunnfjord | Fulltid |
Vi søkjer ein ambisiøs og engasjert seljar til vår salsavdeling i Norse Feedback, for å møte den aukande etterspurnaden.
Vi søker deg som saman med salgsteamet kan fortsette arbeidet med å byggje opp Norse Feedback til å verte ein leiande leverandør av kartleggingsverktøy til både spesialist- og primærhelsetenesta. Stillinga omfattar oppsøkande sal, relasjonsbygging samt oppfølging og utvikling av etablerte kundar.
Stillinga rapporterar direkte til leiar for sal.
Oppsøkande sal
Byggje langvarige og sterke kunderelasjonar. Sikre oppfølging og vekst for eksisterande kundar
Bidra til å identifisere og utvikle prosjekt samt sikre kontraktar med nye kundar
Planlegging og gjennomføring av marknadsaktivitetar som kongressar, salsdemonstrasjonar og utarbeiding av marknadsmateriell
Skape gode kundeopplevingar
Glad i å reise? I denne stillinga må ein del reising må påreknast då våre kundar er lokalisert i heile Norge.
Erfaring frå sal
God IT-kompetanse
Det vil vere ein fordel med kjennskap til helse- eller offentlig sektor.
Systematisk og strukturert
Engasjert, målretta og oppteken av å skape resultat
Evne til å byggje og vedlikehalde relasjonar
Utadvendt, kontaktskapande og samarbeidsinnstilt
God skriftleg og muntleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk
Ein spanande moglegheit til å bli ein del av Team Norse si satsing innan primær- og spesialisthelsetenesta, samt styrke vår eksisterande posisjon i helsemarknaden. Norse Feedback er i sterk vekst, og med gode karrieremoglegheiter.
Du får:
Konkurransedyktig lønn
Fleksibel arbeidstid
Bonusordning
Nye kontor i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord
Og viktigast, mange kjekke kollegaer i eit godt arbeidsmiljø!