Helse Førde Hovedbilde

Ambulansearbeidar Måløy

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Helse Førde Kinn Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hilde Rotihaug - Fung. områdeleiar ambulansetenesta
(+47) 415 30 511

Søknadsfrist

1. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Måløy ambulansestasjon søkjer etter personell til følgjande stilling:

  • 100% fast stilling som ambulansearbeidar
  • Oppstart: september 2022

Ambulansetenesta ligg organisert i avdeling for akuttmedisin i Kirurgisk klinikk. Tenesta har i dag 21 døgnambulansar, 7 dagambulansar i tillegg til ambulansebåtar langs kysten. Tenesta har omlag 200 tilsette fordelt over stasjonane i Helse Førde sitt nedslagsfelt.

Måløy ambulansestasjon har 17 årsverk og har 2 døgnbilar i tillegg til ein dagbil måndag til fredag. Ambulansearbeidarar frå Måløy roterar i vaktperiodar til ambulansestasjonen i Selje. Alle vaktskifte skjer ved stasjonen i Måløy. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og elles døgnvakter.

Søkjar må vere budd på organisatoriske endringar som fylgje av nye og endra oppgåver innan fagfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
  • Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
  • Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Eigentrening og teamtrening
  • Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
  • Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Vidareutdanning med bachelor i paramedisin eller sjukepleie, ev. årsstudium som paramedic er ønskeleg
  • Førarkort kl. C1
  • Utrykkingskompetanse K160 og må gjennomføre vedlikehaldstrening for utrykkningsførar)
  • Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D
  • Delta og bestå trinn 2 kompetanse i Helse Førde etter tenesta sin kompetanseplan
  • Grunnleggande IKT kunnskap
  • Stor arbeidskapasitet
  • God fysisk og psykisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Testen kan bli gjennomført i forkant eller i samband med intervju. Nærare informasjon om krava finn du på Helse Førde og ambulansetenesta si internettside.
  • Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Politiattest krevst før tilsetting i stillinga etter lov om Helsepersonell § 20a.

Om deg

  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
  • Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

    Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Kompetanseutvikling i form av fagstige