Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Hovedbilde

Fast stilling som Fysioterapeut

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
100% fast stilling som Fysioterapeut Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Fjaler Fulltid
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Logo

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Hauglandsvegen 308
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Thor Grane
57737107

Søknadsfrist

15. desember 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Senteret har etablert tilbod til barn med funksjonsnedsetting og søker no etter fysioterapeut med kompetanse eller erfaring innan fysioterapi for barn og unge. Vi ser etter fysioterapeut med erfaring innan rehabilitering og interesse for å arbeide i tverrfagleg team. Stillinga passer for deg som har eit ressursorientert fokus og som trivast med varierte arbeidsoppgåver. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet , kognitiv terapi, rettleiing og undervisning i behandlinga.

Fysioterapeuten sine oppgåver vil vere knytt til rehabilitering av både vaksne og barn med ulike funksjonsnedsettingar.

Arbeidsoppgåver


  • Tverrfagleg medsamtale med fokus på målsettingsarbeid og plan for opphaldet.
  • Klinisk undersøking og testing ved behov
  • Utarbeiding av individuelt treningsprogram
  • Aktivitetsleiing inne og ute
  • Motivasjon- og endringssamtalar
  • Undervisning

Det er forventa på fysioterapeut fungerer som koordinator for pasientar. Arbeidet omfattar ankomst- og avslutningssamtalar, tilpassing av treningsopplegg, dokumentering og individuell oppfølging undervegs i opphaldet.

Kvalifikasjonskrav


  • Autorisert fysioterapeut
  • Kompetanse innan fysioterapi for barn og unge. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
  • Interesse for habilitering/rehabilitering
  • Kompetanse innan kognitiv terapi, motivrande intervju eller tilsvarande

  • Kompetanse eller erfaring med tilpassa aktivitet fysisk og bruk av aktivitetshjelpemiddel


Du må vere opptatt av å fremje utvikling og god helse hos born og unge, trivast med å arbeide i eit tverrfagleg team og delta i aktivitetar både ute og inne.

Senteret har eit spesielt fokus på tilrettelegging av aktivitetar på vatn. Søkarar med kompetanse eller erfaring medrettelegging av aktivitetar på sjø, vil vere av særleg.

Søkarar må ha norsk autorisasjon og beherske norsk skriftleg og munnleg.

Gode samarbeidsevner, erfaring med tverrfagleg arbeid, evne til og vere fleksibel og personlege eigenskapar vert vektlagt.

Krav om plettfri vandel, jfr. Helsepersonelloven § 20a.

Om deg

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.

Vi tilbyr

  • · Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar
  • · Arbeid med utfordrande faglege oppgåver i eit stort tverrfagleg miljø
  • · Varierte arbeidsoppgåver
  • · Moglegheit for å delta i forskingsaktivitet
  • · Gode velferd- pensjon og forsikringsordningar
  • · Konkurransedyktige vilkår
  • · Eit godt arbeidsmiljø

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Kulturbilde