Helgestillingar - Interkommunale helsetenester

Interkommunale helsetenester ved Nordfjord sjukehus har ledig 2 faste helgestillingar, 2 x 14 %  for helsefagarbeider, ambulansefagarbeidar eller sjukepleiarstudent. Stillingane har per no dagvakter 10 -17.30 laurdag og søndag, kvar 3 helg. Inkludert vakter på helligdag. Stillingane er ledige fra dags dato.

Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommuane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune). Som tilsett  ved dei interkommunale tenestene/ØHD arbeidar ein i team og tett opp mot lege og sjukepleiar i vakt. Ein har mange spennande og  utfordrande oppgåver og arbeider både på sengepost og på legevakt. Nordfjord legevakt er bemanna av fastlegane i Nordfjord. ØHD har også ansvar for å gje eit akutt tilbod til pasientar med rusutfordringar og psykisk sjukdom. Det er ein fordel med interesse og erfaring frå dette fagfeltet.   

Arbeidsoppgåver

  • Observasjon, pleie og behandling på sengepost
  • Kontakt med samarbeidskommunane for å planlegge utskriving
  • Legevisitt
  • Leggje til rette og assistere ved skader/traumer
  • Ta prøver

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter sjukepeiestudentar, helsefagarbeidar eller ambulansefagarbeidar
  • Vi oppfordrar og medisinstudentar til å søkje 

Personlege eigenskapar

  • Arbeider godt både  i team og sjølvstendig
  • God til å kommunisere i akutte og krevande pasientsituasjoner
  • Fleksibel og gode samarbeidsevner
  • Likar utfordringar i arbeidskvardagen

Vi tilbyr

  • God opplæring og øving i akuttmedisin
  • Kollegaer med god kompetanse
  • Utfordrande og varierte  arbeidsoppgåver
  • Løn etter tariff
  • God pensjons- og forsikringsordning

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har 6 månaders prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Derom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med konstituert einingsleiar ved Interkommunale helsetenester, Kristine Gustavsen Hansen.

Stad kommune

Søknadsfrist

tirsdag 1. desember 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Kristine Gustavsen Hansen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.