Brenn du for digitalisering i det offentlege?

Vi søker seniorrådgjevar

Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for utvikling og forvalting av nasjonale fellesløysingar i offentleg sektor og er ein viktig bidragsytar for at det offentlege skal levere nye og betre tenester til innbyggjarane.

Vi søkjer deg som er ein erfaren person til arbeid med kunnskapsgrunnlag og analysar knytt til produktområda som vi forvaltar på vegner av offentleg sektor. Det vil vera krav til deg at du arbeidar sjølvstendig og er ein proaktiv person med interesse for digitalisering. Kompetanse og erfaring frå utgreiingsarbeid og prosessar rundt statsbudsjett vil bli vektlagt.

I tillegg til spennande faglege utfordringar, kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med ein variert arbeidsmarknad og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.


Stillinga er fast. Arbeidsstad er Leikanger.

Digitaliseringsdirektoratet

Søknadsfrist

tirsdag 1. desember 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.