Plansjef

Arbeidsoppgåver

Vi er på jakt etter ein leiar som både skal syte for ei god forvalting innan fagområdet og samtidig vere ein pådrivar for utvikling av kommunen. Mellom anna vil plansjefen få eit særskild ansvar for å følgje opp intensjonsavtalen si målsetting; "prioritere plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging". 
Ansvar for gjennomføring av prosjekt innan fagområdet.
Ansvar for  økonomisk og administrativ leiing av tenesta.

Plansjef vil inngå i leiargruppa til Kinn samfunn, kultur og miljø. Det blir venta at du deltek konstruktivt i denne gruppa med spesiell forventning til samarbeid på tvers mellom fag- og ansvarsområder. 

Vere kommunen si "stemme" mot lokalsamfunnet innan ansvarsområdet.

Saman med andre leiarar sikre at kommunen arbeider systematisk med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar.

Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunalsjefen si avgjerd.

Du må gjerne ha god kjennskap til datateknologi og digitalisering, men det er viktigare at du kan arbeide med menneske som søker nye måtar å løyse oppgåvene på; neste praksis. 
Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kvar du har kontorstad.  

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med leiing i fagkretsen.
  • Relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere, og få det beste ut av medarbeidarane.
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggjarane. 
  • God forståing for økonomistyring. 
  • Utgreiingserfaring, gjerne med erfaring frå produksjon av saker til politisk nivå. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Utviklings- og resultatorientert.
  • Analytisk med gjennomføringsevne. 
  • Lagspelar med fagleg forståing innan ansvarsområdet.
  • Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon.

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring.
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø.
  • Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer. 
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar. 
  • Valfri kontorstad; Måløy eller Florø. 

Kinn kommune

Søknadsfrist

fredag 6. november 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.