Rådgjevar

NAV kontoret har er lokalisert i nye lokaler i Høyanger sentrum. Vi har ledig 50% stilling  - vikariat frå snarast og til  01.11.21.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
  • Heilskapleg oppfølging av NAV sine brukarar gjennom god dialog både  individuelt og i grupper.
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar og andre instansar.
  • Sakshandsaming etter gjeldande regelverk, blant anna lov om sosiale tenester, forskrift om arbeidsretta tiltak og  lov om folketrygd.

Vi tek atterhald om endringar i arbeids- og ansvarsområdet. Du må rekne med å måtte utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kommunen skal  imøtekome brukarane sine behov.

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet, fortrinnsvis helse og sosialfag. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå arbeid i NAV eller anna offentleg verksemd samt personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
  • God skrifteleg og munnleg framstillingsevne
  • God kjennskap til bruk av IKT-verktøy

Vi tilbyr:

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Eit høgt fagleg nivå med dyktige og positive kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Pensjonsordning i KLP

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren ønskjer å bli unnateke frå søkjarlista. Søkjaren vil i så fall bli varsla om dette.

Høyanger kommune

Søknadsfrist

søndag 1. november 2020

Kontaktpersonar

Brit Sundgot

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.