Ledige vikariat for sjukepleiarar i heimebaserte tenester

Aurland kommune tilbyr kr 20 000 i tillegg til ordinær lønn som rekrutteringstiltak for sjukepleiarar

Me har

100 % stilling i svangerskapsvikariat

80 % vikariat med høve for fast tilsetjing

Begge vikariata er ledige frå snarast

Arbeidsoppgåver

- legemiddelhåndtering og administrering

- dokumentasjon i fagsystem etter gjeldande lovverk

- jobbar med velferdsteknologi/ kvardagsrehabilitering

- pasientansvarleg sjukepleiar

- ansvar for elektronisk meldingssystem- lege/sjukehus

- tverrfagleg samarbeid

- oppgåver delegert frå avdelingsleiar

- yte nødvendig helsehjelp, tilrettelegging og stell

- oppfylging og revidering av sjukepleiefaglege prosedyrar

- medisinsk oppfylging og behandling

- heimebesøk og kartlegging av behov

Vi tilbyr

- kr 20 000 som rekrutteringtiltak i tillegg til grunnlønn etter ansiennitet

- høve til fagutvikling med spennande arbeidsoppgåver der det vert jobba

  systematisk med kvalitetsutvikling for å yte gode pleie og omsorgstenester

- ein arbeidsplass i utvikling og endring

- eit godt arbeidsmiljø

- samarbeid med nyoppretta fagutviklarstilling

- gratis bruk av treningsfasilitetar

Kvalifikasjonar

-  du må ha autorisasjon som sjukepleiar

-  søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

-  må ha førarkort

Me søkjer deg som:

-  er motivert til å jobbe innan heimebaserte tenester

-  har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta

-  er løysningsorientert

-  kan iverksette, følge opp og avslutte oppgåver

-  er ansvarsbevisst

-  har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter

-  kan takle stress

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje

valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    28.10.2020                                 Utlyst dato        07.10.2020                           Vårref                  725

Kontaktperson

Marit Irene Aas Nesheim, Avdelingsleiar, mobil: 95984641, marit.nesheim@aurland.kommune.no

Aurland kommune

Søknadsfrist

onsdag 28. oktober 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.