Reinhaldar ved Svelgen omsorgssenter

Ved Svelgen Omsorgssenter er det ledig eit vikariat i 100% på reinhald frå midten av november.

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer medarbeidarar med fagbrev innan reinhaldsfaget, men andre med relevant praksis er velkomne til å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.
Du må;
- like å arbeide i team
- vere innstilt på endringar
- beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å gjere ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde.  Serviceinnstilling og personleg egnaheit vektleggast.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Vi tilbyr

• God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass.

 
Om arbeidsplassen
Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader
og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass. Reinhaldarane har også ein del hjelpemidlar for å forenkle og gjere arbeidsdagen betre og lettare.

Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov.



Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 4. oktober 2020

Kontaktpersonar

Hilde Gretha Hauge

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.