Rådgjevar - samfunns- og arealplanlegging

Vil du utvikle Vestland i lag med oss?

Det er ledig fast stilling som rådgjevar innan samfunns- og arealplanlegging i seksjon plan, klima og folkehelse, i avdeling for strategisk utvikling og digitalisering. 


Vi skal bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland, ved å setje retning, samhandle og engasjere. Viktige arbeidsområde for oss er å vere pådrivar og samordne aktiviteten internt i fylkeskommunen, og å vere gode støttespelarar for kommunane og eksterne aktørar. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere støttespelar og rådgjevar for kommunane ved kommunal planlegging
  • Samordne internt, rettleie og gi uttaler i kommunale plansaker
  • Delta i regionale plan- og utviklingsoppgåver


Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innan samfunns/arealplanlegging, geografi, samfunnsgeografi eller klima- og miljø. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Erfaring frå arbeid med samfunns- og arealplanlegging på lokalt og/eller regionalt nivå
  • Strategisk planlegging innanfor fagfeltet klima- og miljø  
  • God kunnskap om plan- og bygningslova
  • Interesse for regional og berekraftig utvikling
  • Prosesskompetanse



Personlege eigenskapar

  • Samfunnsengasjert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne  

Ved eventuell intern rekruttering kan det bli ledig eit to års vikariat som rådgjevar i areal- og samfunnsplanlegging.  



Vi tilbyr

  • Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid  
Andre opplysningar
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Vestland fylkeskommune

Søknadsfrist

onsdag 30. september 2020

Kontaktpersonar

Synnøve Stalheim

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.