Er du vår nye prosjektleiar?

Gravdal Bygg as har store og spennande prosjekt som skal byggjast framover. No treng vi ein ny prosjektleiar på laget.

Som prosjektleiar vil du få følgjande oppgåver:

  • Ta ansvar som fagleg og koordinerande leiar for våre byggeprosjekt innan bustadmarknaden, private byggherrar og offentlege bygg.
  • Legge til rette for god kommunikasjon mellom interne ressursar og samarbeidspartnerar i prosjekta du leiar. 
  • Vere ein god representant overfor kundar.
  • Innhente og forhandle prisar med underleverandørar.
  • Vere ansvarleg for kvalitetssikringa i prosjektet.
  • Tenke HMS og trivsel som ein del av jobben.
  • Ta del i utvikling av nye prosjekt.
  • Drift og økonomioppfølging.

Vi ønskjer at du:

  • Har evnen til å leie menneske og prosessar. 
  • Er fagleg dyktig, engasjert og har ambisjonar.
  • Jobbar sjølvstendig og samstundes har gode samarbeidsevner 
  • Likar utfordringar og tek ansvar.
  • Skal vere med å ta ansvar for selskapet si utvikling.
  • Er fleksibel, ryddig og strukturert. 
  • Trivst med ein hektisk kvardag.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant bachelor/ingeniør byggfag med god erfaring.
  • Kompetanse i prosjektleiing, inkludert bruk av relevante IT-verktøy innan prosjektplanlegging og økonomi. 
  • Bakgrunn som byggherre, konsulent eller entreprenør er ein fordel. 


Vi tilbyr:

Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt- og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver. Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Søknadsfrist: 14.08. 2020

Send søknad og CV til Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth: sms@gravdal.no

Du kan også ta kontakt på telefon 48 88 18 14 for meir informasjon.

Gravdalgruppa

Søknadsfrist

fredag 14. august 2020

Kontaktpersonar

Sverre Martin Stensæth

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.