Rettleiar, NAV Gloppen

NAV Gloppen er eit partnarskap mellom Gloppen kommune og staten. Kontoret har 11 tilsette (kommunalt og statleg tilsette) og ligg sentralt i Sandane sentrum.

NAV skal gje menneske moglegheiter og hovudmålet vårt er å få fleire i arbeid eller aktivitet. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement og som vil gjere ein forskjell for andre. Du vil få meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver, og jobbe saman med kollegaer med god fagleg kompetanse i eit godt arbeidsmiljø.

Vi har ledig 100 % fast stilling som rettleiar

Arbeidsoppgåver  

  • Sakshandsaming etter lov om sosiale tenester. 
  • Økonomisk rådgjeving. 
  • Informasjon, råd og rettleiing på NAV sine tenester. 
  • Oppfølging av brukarar retta mot arbeid og aktivitet. 
  • Aktivt samarbeid og koordinering med arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar.

Sjå fullstendig utlysing og søk på stillinga her


Gloppen kommune

Søknadsfrist

mandag 10. august 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.