Miljøterapeut

  • Stad kommune har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut i eining barnevern. Oppmøtestad er Nordfjordeid. Tid for tilsetting etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Foreldrerettleiing med fokus på å styrke eller endre foreldreferdigheter
  • Støtte- og oppfølgingsamtaler med barn og unge 
  • Rettleie fosterforeldre, individuelt og i grupper
  • Rettleie biologiske foreldre som har mista omsorga for sine barn
  • Deltaking i samarbeidsforum
  • Tett kontakt med sakshandsamar
  • Skriftleg dokumentering av arbeidet
  • Tilsyn etter etter både lov om barnevernstenester og etter lov om barn og foreldre
  • Bistå i akuttsaker ved behov
  • Vitne i fylkesnemnda og rettsinstansar
  • Det kan bli aktuelt å legge teamleiarfunksjon til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning 
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode evner til munnleg og skriftleg framstilling 
  • Førarkort og høve til å disponere eigen bil
  • Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • God systemforståing
  • Evne til å jobbe både i team og sjølvstendig
  • Evne til å reflektere over eigen praksis
  • Fleksibel og strukturert

Vi tilbyr

  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og arbeidsattestar saman med søknaden. Du må oppgje referansar.

Stad kommune har seks månader prøvetid. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.


Stad kommune

Søknadsfrist

søndag 23. august 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Britt Remme

Bjarte Gangeskar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.