Samfunnsplanleggar

Stad kommune har ledig eitt års vikariat som samfunnsplanleggar i eininga strategi og samordning. Eininga inngår i kommunedirektøren sin stab og har 16 tilsette innan eit breitt fagleg spekter. 

Stillinga som samfunnsplanleggar byr på utfordrande arbeidsoppgåver knytte til overordna kommuneplanarbeid. Kommuneplanen sin samfunnsdel ligg på høyring no, og til hausten startar vi arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Planstrategien legg opp til høg aktivitet innan planarbeid i året som kjem. 

Stad kommune har eit særleg fokus på tverrfagleg samarbeid og samskaping. Som tilsett i Stad vil du få høve til å delta i forminga av ein heilt ny kommune, vere kreativ og nyskapande og ta pulsen på lokalsamfunna.

Arbeidsoppgåver

  • arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel
  • utgreiingar, analysar og strategisk planlegging
  • rådgjeving og prosesstøtte knytt til anna kommunalt planarbeid
  • samhandling  med andre einingar, internt og eksternt
  • saksførebuing til politiske organ
  • organisere kommunen sitt planforum

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • erfaring frå planarbeid i offentleg sektor
  • god kjennskap til relevant lovverk
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • samfunnsengasjement
  • gode strategiske og analytiske evner
  • god samhandlingskompetanse
  • trivast med team- og  prosjektarbeid
  • fleksibel og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • varierte, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • fokus på tverrfagleg samarbeid og samskaping
  • fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Referansar skal leggast fram. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningane om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.



Stad kommune

Søknadsfrist

søndag 26. juli 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Kristin Otneim Aarsnes

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.