Byggingeniør - rådgjevar lanbruksbygg

Grunna god tilgang på oppdrag, søker vi etter byggingeniør- rådgjevar i landbruksbygg i 100 % stilling. Norsk Landbruksrådgiving Vest skal dekke behovet for byggteknisk rådgjeving i landbruket i Vestland Fylke og i nokre kommunar på Sunnmøre.

Stillinga er plassert ved hovudkontoret på Sandane i Gloppen kommune. Det kan også vurderast plassering ved eit av dei andre 9 kontora i region Vest.
Teamet vårt på landbruksbygg har to medarbeidarar. Dei har desse oppgåvene:

Forprosjektering og kalkulering av alle typar landbruksbygg
Prosjektering og dimensjonering av betong, stål og trekonstruksjonar
Prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
Utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre anbodsrundar
Kontrahering med entreprenørar på vegne av kundane
Tilstandsanalyse av eksisterande bygg
Bidra til å utvikle vårt rådgjevingstilbod innan landbruksbygg

Rådgjevaren vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving. Rådgjevar i landbruksbygg må kunne vurdere eksisterande landbruksbygg og gje råd om ombygging, påbygging eller nybygg av driftsbygningar. Rådgjevarane med spisskompetanse på landbruksbygg, arbeidar tett saman med rådgjevarane innan faga økonomi og HMS. Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning.
 
Vi ynskjer ein medarbeidar med desse kvalifikasjonane:

Høgare utdanning innan byggfag
Erfaring med eller interesse for landbruksbygg
Erfaring frå prosjektering og kalkulasjon av bygg
Erfaring frå prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
BIM-kunnskap og erfaring frå bruk av program som ArchiCAD og Focus konstruksjon
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Gode datakunnskapar, vane med data som arbeidsverktøy
Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

Vi legg vekt på at søkjar har desse personleg eigenskapane:

er serviceinnstilt og initiativrik
er praktisk orientert
har gode samarbeidsevner, men også evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:

Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
Stor grad av fleksibilitet og ansvar
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar


Norsk Landbruksrådgiving Vest SA

Søknadsfrist

lørdag 15. august 2020

Kontaktpersonar

Liv Lyngstad

Kolbjørn Taklo

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.