Rådgjevar i fruktdyrking

NLR Vest søker etter vikar i 100 % stilling som rådgjevar i fruktdyrking, med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga er plassert ved kontoret vårt på Njøs frukt- og bærsenter i Sogndal. Arbeidsstad er region Indre Sogn, og for meir om kva regionen kan tilby, sjå www.sognefjord.no.

På Njøs- frukt og bærsenter er det eit sterkt og aktiv fagmiljø, og NLR Vest har fire tilsette rådgjevarar ved kontoret. NLR Vest er den største eininga for fruktrådgjeving i Noreg, med 6 tilsette innan fagområdet. Vikaren vil arbeide tett saman med dei andre rådgjevarane på fagområdet, både i eigen eining og på landsbasis. I starten vil arbeidsoppgåvene vere mest knytt til forsøksoppgåver, jordprøvetaking, osb. Etter opplæring vil ein kunne gå meir inn i vanlege rådgjevingsoppgåver. Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning.
Arbeidsoppgåver:
Rådgjeving til fruktdyrkarar innanfor plantevern, gjødsling, plantesystem, osb.
Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar, kurs og prosjekt
Registreringsarbeid i samband med forsøk, plantevern og prognosar
Ta jordprøver og lage gjødslingsplan
Andre oppgåver etter avtale

Vi tilbyr:
Varierte, utviklande og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på fruktnæringa
Dyktige og positive medarbeidarar med høg fagleg kompetanse
Gode høve for fagleg utvikling
Stor grad av fleksibilitet og ansvar
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ynskjer ein medarbeidar med:
Interesse for, erfaring med og kompetanse på fruktdyrking
Universitets- eller høgskuleutdanning innan jord- og plantekultur
Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd

Søknadsfrist: 15. august 2020
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med: Faggruppeleiar Stine Huseby, stine.huseby@nlr.no mob. 480 40 498 eller dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no , mobil: 982 45 830. Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SA: vest@nlr.no

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er eigd av 3800 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Vi er 34 tilsette fordelt på 10 kontor. Våre arbeidsoppgåver omfattar rådgjeving og fagleg utvikling innan jord- og plantekultur, økonomi og næringsutvikling, maskinteknikk og presisjon, planlegginga av landbruksbygg, helse, miljø og tryggleik. Vi skal vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA

Søknadsfrist

lørdag 15. august 2020

Kontaktpersonar

Liv Lyngstad

Stine Huseby

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.