Vikariat fastlegeheimel

Stillingsinformasjon
Ved Leikanger legekontor er det ledig eitt års vikariat for fastlege frå 01.09.2020. Liste på 700 pasientar og 30% kommunal bistilling som sjukeheimslege.
Om stillinga
Legesenteret har 3 fastlegar og 1 LIS1. Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering.
Legesenteret er nytt med mellom anna laboratorium og akuttrom. Me har erfarne legesekretærar og sjukepleiarar. Kommunen eig og driv legesenteret. Legesenteret er samlokalisert med mellom anna sjukeheim, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste.
Legevakta er for tida 15-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar, samt evne til både godt samarbeid og sjølvstendig arbeid. For utanlandske
søkjarar er det føresett gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Søkjar må ha norsk autorisasjon og fylle krava for inngå avtale med Helfo om direkte oppgjer og refusjonsrett.
Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.
Kontaktperson
Jenny Kristin Menes, Avdelingsleiar Leikanger legekontor, tlf: 57 65 27 20, jenny.kristin.menes@sogndal.kommune.no
Jan Ove Tryti, Tenesteleiar legetenester, tlf: 57 62 97 00, jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no

Sogndal kommune

Søknadsfrist

torsdag 11. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.