Rekrutteringsansvarleg

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legge til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og skal sørge for effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga er pådrivar og tilretteleggar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.


Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som Rekrutteringsansvarleg

Om stillinga:
HVL har eit breitt studietilbod ved alle våre fem campus. Rekruttering av nye studentar er ei prioritert oppgåve i høgskulen, og arbeidet går føre seg i mange kanalar og gjennom mange ulike tiltak og aktivitetar året gjennom.

Som Rekrutteringsansvarleg er du ein nøkkelperson i dette arbeidet. Du vil leie eit team med fleire medarbeidar som arbeider tett med fakultet og andre einingar i høgskulen.

Stillinga er knytt til Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, og arbeidsplassen er campus Sogndal.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvarleg for å planlegge, koordinere, tilrettelegge, utarbeide og gjennomføre rekrutteringsaktivitetar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Utarbeide strategi, planar, årshjul og budsjett
  • Kontakt med leverandørar og byrå
  • Inngå i andre oppgåver i avdelinga


Kvalifikasjonskrav:

Vi ser etter ein dyktig, analytisk og initiativrik medarbeidar som har god kjennskap og kunnskap om målgruppene våre.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha god gjennomføringsevne og høg arbeidskapsitet
  • Du må vere god til å bygge relasjonar og du er ein lagspelar
  • Du må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst master, og eit stort engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag. Vi ser spesielt etter deg med kompetanse og erfaring frå mellom anna rekruttering, marknadsføring og profilering
  • Du må ha god skriftleg framstillingsevne, spesielt på nynorsk

 
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og marknadsforståing, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.


Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som MArknads- og rekrutteringsansvarleg er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg, som attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. Offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. 


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, tlf. 916 16 520



Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

mandag 1. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.