Prosjektleiar bygg (2. gongs utlysing)

Vi treng å styrke avdelinga vår, og søkjer derfor etter ny prosjektleiar. Fagområda vil være prosjektleiing, utvikling og arbeid med byggjeprosjekt. Kommunen skal mellom anna byggje nytt administrasjonsbygg i Florø, tre idrettshallar, institusjonar mm.  Målsetjinga vår er å setje saman eit team som skal ha brei kompetanse innanfor byggfag. Vi vil arbeide tett saman med dei ulikebrukargruppene i kommunen og tilsette i utvikling av nye prosjekt. Vi har ambisiøse mål om å nytte framtidsretta løysingar innanfor miljø og energi i byggja våre.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og utvikle kommunal bygningsmasse, herunder utarbeiding av prosjekt-løysingar og anbodsgrunnlag.
  • Gjennomføre kontraktstingingar og inngå kontrakter med konsulentar, entreprenørar og leverandører.
  • Delta/leie utviklingsarbeid relatert til nybygg/tilbygg/ombygging av eksisterande bygningsmasse.
  • Budsjettering og rapportering iht prosjekta si framdrift og gjennomføring.

Kvalifikasjonar

  • Ingeniør/siv.ingeniør med relevant fagkrets innanfor bygg- og anleggsverksemd.
  • God og relevant praksis frå bygg og eigedomsprosjekt.
  • Personar med anna relevant utdanning/praksis vert og vurdert
  • Kjennskap til og kontaktar innanfor byggherre-, rådgjevar- og entreprenørsida.
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevner.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Som prosjektleiar er du strukturert, ein aktiv pådrivar og god relasjonsbyggar. Du må evne og jobbe strategisk og langsiktig, og ha god oversikt. Du må være tydeleg og god på samarbeid og samhandling, samt sjå og forstå heile planlegging- og gjennomføringsprosessen. Du er tilgjengeleg og har evne til å involvere medarbeidarar og dele informasjon. Du er ein jordnær person som trivast både på kontoret og ute på anlegga.

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb innan utvikling, planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt.
  • Gode moglegheiter for personleg utvikling.
  • Fleksitid.
  • Konkurransedyktig lønn.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fast jobb i 100%
  • Kontorstad Florø/Måløy - etter avtale 
  • Kommunane er IA-verksemd, og vil legge forholda til rette for søkarar med redusert funksjonsevne
  • Eit godt arbeidsmilj

Kinn kommune

Søknadsfrist

fredag 17. april 2020

Kontaktpersonar

Vidar Vårdal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.