Ingeniør/sivilingeniør med bakgrunn frå el-kraft

Stryn Energi vil styrkje sitt mannskap på ingeniørsida og søkjer kollega som skal bidra til effektiv utvikling, drift og prosjektarbeid i nettselskapet.

Arbeidsoppgåver inkluderar m.a.:
· Prosjektering og god gjennomføring av serviceoppdrag og byggeoppdrag i distribusjonsnettet
· Planlegging og oppfølging mot entreprenørar og andre eksterne partnarar
· Rapportering til myndigheiter (m.a. DSB, NVE)
· Prosjektarbeid med utvikling av nye arbeidsmetodar og innføring av nye softwareverktøy for å drive nettet mest muleg effektivt.
· Digitalisering, bla. fjernstyring og overvåking
· Analyse av nettet vårt for å prioritere investeringar i nettet 
Kvalifikasjonar:
· Fagleg dyktig ingeniør/sivilingeniør el-kraft eller anna relevant utdanning. Erfaring kan kompensare for krav til utdanning.
· Erfaring frå nettselskap er ein fordel
Personlige eigenskapar:
· Du er initiativrik, beslutningsdyktig, praktisk og resultatorientert
· Du er ein god lagspelar som bidreg til eit godt fellesskap
· Du er strukturert og sjølvstendig, men likar å jobbe i team
· Du har god teknologi- og IT-kunnskap
· Du har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk.
Vi tilbyr:
· Svært spanande og varierte arbeidsoppgaver i ei lite energiselskap
· Innflytelse og ansvar med muligheter for stor påverknad av eigne oppgåver
· Eit breidt samansett kollegialt miljø og konkurransedyktige vilkår

Om arbeidsgiveren

Stryn er ein av dei størte turistkommunane på Vestlandet, og er ein attraktiv stad å bu med godt utbygd fritidstilbod. Gjestar frå fjern og nær vitjar kommunen, ikkje minst på grunn av den flotte naturen og opplevingane ein finn her. Høge fjell, fjord, isbre, elvar og vatn i djupe grøne dalar med attraksjonar i verdsklasse både i vinter- og sommarhalvåret.

Stryn Energi har ansvar for utvikling og drift av straumnettet i Stryn kommune. Konsernet driv i tillegg med sal av straum til sluttkundar, kraftproduksjon og fiber. Vi har 22 tilsette og ei årsomsetning i konsernet på om lag MNOK 100.

Stryn Kommune er i utvikling, og dette stiller krav til Stryn Energi. Vi har god vekst i antall nettkundar, stor cruisetrafikk som er i ytterlegare vekst og står framfor mange spanande moglegheiter i samband med elektrifisering. Vi skal nytte moglegheitene som ny teknologi og digitalisering gjev, i tillegg til aktivt samarbeid gjennom alliansar og bransjeorganisasjonar for å drive mest mogleg effektivt.

Stryn Energi

Søknadsfrist

mandag 20. april 2020

Kontaktpersonar

Knut Gunnar Ulvedal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.