Sommarjobb på Sogn Kunstsenter

Vi søker museumsvertar til Sogn Kunstsenter, Lærdal for sommarsesongen 2020

Sogn og Fjordane Kunstmuseum er del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Museet forvaltar om lag 4500 kunstverk frå ca. 1900 og fram til i dag. Sogn Kunstsenter i Lærdal er ein av museets fire driftseiningar:

Vi søker museumsvertar til Sogn Kunstsenter (sesong frå 19. juni til 16. august, opningstid tysdag-søndag kl 11-16).

OM SOMMARENGASJEMENTA: Engasjementa er deltids-/heltidsengasjement med varierande omfang.

Museumsvert: Som museumsvert er du formidlar av dei aktuelle utstillingane. Dine oppgåver vil blant anna være: vakthald, sal av billettar og produkt, formidling, kundehandsaming og mogleg omvisningar.

Vi søker deg som er:

Interessert i kunst • Har formidlingsevne • Serviceinnstilt • Ansvarsbevisst • Positiv og engasjert • Fleksibel.

Krav til søkar og søknad:

·         Du må vere fylt 16 år. Søkarar over 18 år vil verte prioritera. Vi har inga øvre aldersgrense.

·         Du må beherske eit skandinavisk språk, samt engelsk.

·         Kunstfagleg bakgrunn er ønskeleg. Erfaring med formidling og kundebehandling samt ei interesse for kunst kan kompensere for manglande formell utdanning. Det er kun ein museumsvert på jobb om gangen.

Stillingane blir løna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).

Send oss ein søknad og CV på e-post til: hso@misf.museum.no. Ver venleg å oppgje kven du er og dine tidlegare erfaringar. Skriv òg perioden(e) du kan arbeide (frå og til dato(ar)).

Søknadane vil bli handsama etter kvart, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta for intervju. Følg med på heimesida vår og Facebook, så er du oppdatert på kva som skjer!

For meir informasjon sjå heimesida vår https://sfk.museum.no/nn/sogn-kunstsenter.

Spørsmål kan rettast til avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland, tlf. 486 29 759, e-post hso@misf.museum.no.

Søknadsfrist

Søndag 15. mars 2020

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 15. mars 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.