Undervisningsstilling i øyriket Solund, heilt vest i Noreg

Ledige undervisningsstillingar, både fast og vikariat

Barnehagen, grunnskulen og kulturskulen har fleire arenaer der vi samarbeider og har som målsetjing å utvikle samarbeidet enda meir. Hovudfokuset er å skape eit så godt oppvekstmiljø som mogeleg for barn og unge i kommmunen vår. Kommunen har eiga prosjektstilling knytt til arbeidet med oppvekstmiljøet. Stillinga arbeider inn mot barnehagen, skulen og kulturskulen og prosjektperioden er ut juli 2021. 

Inneverande skuleår har vi hatt fokus på fagfornyinga og skal nytte våren til å rigge oss med å utvikle lokale læreplanar.
Vi har ledig både faste og vikariat stillingar, inntil 2 x 100 % stillingar frå 01.08.2020. Skulen har fortrinnsvis ledig undervisningsstilling på 1.-7.trinn. 

Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både muntleg og skriftleg.

Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med om lag 85 elevar lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 15 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og assistentar. Lærarane arbeider i team og ønskjer å utvikle skulen i fellesskap.
Ved SFO er det om lag 8 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke.

Arbeidsoppgåver

  • Vi treng lærarar til ulike undervisningsfag på både barne- og ungdomstrinnet.
  • Kvalifisert lærar med undervisningskompetanse til å undervise 1.-4.trinn vert prioritert. 
  • I tillegg til lærar med undervisningskompetanse på dei lågaste trinna har vi behov for lærar med kunst og handverk, musikk og spesial pedagogikk i fagkretsen. 
  • Du må rekne med å vere kontaktlærar
  • Du må rekne med å vere sensor ved eksamen på ungdomsskulen
  • Du må vere villeg til å ta på deg oppgåver som dukkar opp undervegs.
  • Vere del av ei personalgruppe som ønskjer utvikling, leiatar etter løysingar og nyttar handlingsrommet som ligg i skulekvardagen. 

Kvalifikasjonar

  • har relevant pedagogisk utdanning/undervisningskompetanse
  • har fag i fagkretsen som skulen har behov for
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må ha NOKUT godkjenning

Personlege eigenskapar

  • har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
  • vil vere med og utvikle miljø for lærelyst
  • likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
  • ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
  • har humor, er fleksibel, opptekne av å samarbeide og er ein teambyggar
  • tek ei utfordring på strak arm
  • har lyst å vere del av eit lite samfunn
  • har evna til å bygge relasjonar

Vi tilbyr

  • Nyutdanna lærarar, utan undervisningserfaring, får redusert undervisning med ein time dei to første undervisningsåra. Redusert undervisningstid vert følgt opp med mentor og rettleiing.
  • Rekrutteringstiltak, mellom anna nytte stipendordning i tråd med rettninglinjene til UDIR
  • Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet
  • Verte del av eit lærargruppe som ønskjer utvikling og er open for nye tankar


Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.
 
I tråd med opplæringsslova og lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.
 
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
 
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.
 
Velkomen som søkjar!

 

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Solund kommune

Søknadsfrist

torsdag 20. februar 2020

Kontaktpersonar

Gunnlaug Olsvoll Røed

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.