Helse Førde søkjer trainee innan innovasjon

Brenn du for innovasjon og utvikling? Vi treng deg på laget for å bygge innovasjonskultur og bidra til utvikling av framtidas helsetenester.

Vi tilbyr trainee-stilling som innovasjonsmedarbeider med kontorstad i Førde. Stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2020/21.

Vi er eit framoverlent helseføretak i Helse Vest. Som trainee i Helse Førde vil du bli ein del av den  største arbeidsplassen i vår region. Det er mykje spennande på gang for tida, med ei milliardutbygging av Førde sentralsjukehus. Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass i eit miljø som jobbar tett saman med Høgskulen på Vestlandet gjennom felles Senter for helseforsking. 

Stillinga er lagt til Fag og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Seksjonen si hovudoppgåve er å støtte opp om forsking og innovasjon i føretaket.  

Arbeidsoppgåvene er allsidige med hovudvekt på å:

  • Delta i utviklingsprosjekt
  • Arrangere tverrfaglege møteplassar
  • Bidra i kommunikasjonsarbeid
  • Initiere nye utviklings- og samarbeidsprosjekt 
  • Hjelpe tilsette med søknadsskriving og vidareutvikling av idear

Som innovasjonsmedarbeidar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag. Vi ønskjer ein trainee som kan vere med å tenke nytt, bidra til å skape innovasjonskultur og har interesse for både helsefeltet og nyskaping.

Du er ein lagspelar med interesse og forståing for innovasjonsmetodikk og prosessar. Du likar å lære nye ting, og evnar å tenke heilskapleg. Du er nysgjerrig og positiv med gode kommunikasjonsevner. Gjerne med erfaring frå enkel grafisk design.

Ønska kvalifikasjonar er relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Gjerne utdanning innan innovasjon, tenestedesign, samfunnsvitskap, organisasjonsutvikling, teknologi, økonomi eller helse.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg


Tilsetting: August 2020 til august 2021.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Helse Førde

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Guro Mjanger

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.