Difi søkjer trainee innan ikt

Difi si avdeling i Leikanger har ansvar for forvalting og utvikling av dei nasjonale felleskomponentane.

Hos Difi er det eit stort utviklingsmiljø og utviklarane har eit
stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode mulegheiter for
personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive
og hurtige leveransar. Vårt fagmiljø er eit utviklingsmiljø med stor
fagleg tyngde og spisskompetanse innen våre fagområde både nasjonalt og
på europeisk nivå. Vi likar å vere best.

Våre tilsette er nysgjerrige og utforskande innan teknologi og
metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer vi fleksibel
arbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr
i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar,
og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit
ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein
attraktiv stad å bu.

Di rolle som trainee

Du vil bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir
brukt av heile landets befolkning, løysingar som vårt samfunn er
avhengig av. Di rolle i eit av våre team vil bli definert ut frå dine
kunnskaper, interesserer og våre pågåande prosjekt.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2020 til august 2021.

Dine kvalifikasjonar

  • Det er viktig at du:
  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar
  • har kunnskap om systemutvikling i Java, gjerne Spring-rammeverket
  • har kunnskap om løysingsarkitektur
  • kjenner til smidige utviklingsprosessar
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • kan presentere teknologi og løysingar i forsamlingar, også til andre enn teknologar
    er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert

Vi kan tilby deg

  • løn i lønsspennet kr 449 400 - kr 472 300 etter kvalifikasjonar
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • eit godt sosialt miljø med dedikterte kollegaer, treningsrom og høve til trening i arbeidstida
  • spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • fagleg og personleg utvikling
  • innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket Trainee

  • minimum bachelor eller mastergrad
    maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
    norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Direktoratet for forvaltning og ikt

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Jørn Stenehjem

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.