2. gongs utlysing - vikariat som sakshandsamar i barneverntenesta

ER DU VÅR NYE KOLLEGA?

Ledig 100% vikariat, med høve for fast tilsetjing, som sakshandsamar i Aurland og Lærdal barnevern.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet inneber sakshandsaming etter Lov om barneverntjenester. Den som blir tilsett må pårekne arbeid utanfor
ordinær kontortid.

Kven er du?

- ein modig vaksen
- trygg på deg sjølv og eigne verdiar
- har humor, varme og tolmod
- interessert i faget og fagutvikling
- har respekt for alle som du kjem i kontakt med gjennom arbeidet ditt
- tåler motstand og press
- er kreativ og løysingsorientert
- god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg

Kven er me

- ei teneste med mange og spennande arbeidsoppgåver
- opptatt av å utvikle oss fagleg til det beste for brukarane
- engasjerte og hyggelege kollegaer
- opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø og gje god kollegastøtte
- bli betre på å samarbeide med andre tenester
Per i dag er oppmøtestaden i Aurland, og arbeid i begge kommunar må påreknast.

Kvalifikasjonar

Sosial, barnevern eller andre relevante utdanningar på høgskulenivå, minimum bachelor nivå.
Førarkort klasse B
Erfaring frå sakshandsaming
Personleg dugleik vert særleg vektlagd

Krav til språkkunnskapar

Søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Aurland kommune

Søknadsfrist

onsdag 20. november 2019

Kontaktpersonar

Anja Brekke Moldvær

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.