Opplærings- og implementeringsansvarleg

Vi søkjer etter opplærings- og implementeringsansvarleg som saman med leiargruppa skal byggje opp Norse Feedback til å verte ein leiande leverandør av kartleggings- og analyseverktøy til både spesialist- og primærhelsetenesta.

Stillinga omfattar opplæring både on-site og via kommunikasjonskanalar, produksjon og publisering av opplæringsateriale, implementering, strategiutvikling, samt oppfølging og utvikling av både nye og etablerte kundar.

Stillinga rapporterar direkte til leiargruppa. Det er mogleg å dele stillinga, samt diskutere stillingsprosenten for den rette søkjaren.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Opplæring til alle nye og eksisterande kundar, on site og elektronisk
  • Sikre gode implementeringsprosessar
  • Produsere, publisere og formidle opplæringsmateriale.
  • Byggje langvarige og sterke kunderelasjonar. Sikre oppfølging og vekst for eksisterande kundar
  • Bidra til å identifisere og utvikle prosjekt
  • Sørge for at opplærings- og implementeringsprosessar vert gjennomførde med ein bevisst strategi og høg kvalitet
  • Skape sterke og positive relasjonar til Norse Feedback sitt team. Bistå med opplæring og støtte.
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Skape gode kundeopplevingar med ansvar for å etterleve Norse Feedback sin høge standard for leveranse og oppfølging
  • Ein del reising må påreknast

Kvalifikasjoner:

  • Erfaring frå opplæring og/eller implementering
  • Implementeringskunnskap, samt god IT-kompetanse
  • Utvida kjennskap til helsesektoren. Erfaring frå opplæring og implementering innan spesialist- eller primærhelsetenesta vil vere ein stor fordel.

Personlege eigenskaper:

  • Systematisk, strukturert og gode analytiske eigenskapar
  • Engasjert, målretta og oppteken av å skape gode resultat
  • Evne til å byggje og vedlikehalde relasjonar
  • Utadvendt, kontaktskapande og samarbeidsinnstilt
  • Svært god skriftleg og muntleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk

Vi tilbyr:

Ein spanande moglegheit til å byggje opp Norse Feedback si salsavdeling og satsing innan primær- og spesialisthelsetenesta, samt styrke Norse Feedback sin eksisterande posisjon i helsemarknaden. Norse Feedback er i sterk vekst, og med gode karrieremoglegheiter.
I tillegg til:

Konkurransedyktig lønn
Fleksibel arbeidstid
Bonusordning
Nye kontor i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord



Norse Feedback

Søknadsfrist

onsdag 20. november 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Joachim Vie

Hege Hopland-Nechita

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.