Supportansvarleg

Vi søkjer supportansvarleg til vår nye supportavdeling i Norse Feedback, for å møte den aukande etterspurnaden. Stillingsprosenten er ikkje avklart og kan forhandlast med den rette søkjaren.

Supportansvarleg skal vere med på å byggje opp Norse Feedback til å verte ein leiande leverandør av kartleggings- og analyseverktøy til både spesialist- og primærhelsetenesta.

Stillinga rapporterar direkte til leiargruppa og vil på sikt medføre noko personalansvar.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Support til nye og eksisterande kunder (1., 2., og 3. linjesupport)
  • Personalansvar etterkvart som avdelinga veks og det vert behov for fleire tilsette
  • Byggje langvarige og sterke kunderelasjonar
  • Sørge for at supportprosessar vert gjennomførde med høg kvalitet
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Skape gode kundeopplevingar med ansvar for å etterleve Norse Feedback sin høge standard for leveranse og oppfølging

Kvalifikasjoner:

  • Fagbrev, fagskule eller høgare utdanning innan IT/teknologi eller anna relevant utdanningsretning
  • Erfaring frå support
  • Kjennskap til helsesektoren er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskaper:

  • Systematisk og strukturert
  • God  kommunikasjons- og prioriteringsevne
  • Evne til å byggje og vedlikehalde relasjonar
  • Utadvendt, kontaktskapande og samarbeidsinnstilt
  • Sjølvstendig
  • Interesse for IT/teknologi
  • Svært god skriftleg og muntleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk

Vi tilbyr:

Ein spanande moglegheit til å byggje opp Norse Feedback si salsavdeling og satsing innan primær- og spesialisthelsetenesta, samt styrke Norse Feedback sin eksisterande posisjon i helsemarknaden. Norse Feedback er i sterk vekst, og med gode karrieremoglegheiter.
I tillegg til:

Konkurransedyktig lønn
Fleksibel arbeidstid
Bonusordning
Nye kontor i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord


Norse Feedback

Søknadsfrist

onsdag 20. november 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Joachim Vie

Hege Hopland-Nechita

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.