Trainee i Veidekke 2020

Vi søker 70 kandidatar i heile landet til toårig traineeordning med oppstart hausten
2020. Men skund deg, vi har løpande opptak og rekrutterer fortløpande utover
hausten.

Veidekke si to-årige traineeordning gir deg ein kombinasjon av praktisk arbeid ute i ein av våre einingar, kombinert med individuell utvikling og felles samlingar.

Kunne du tenke deg ein jobb som kan forandre verda? Da bør du bli trainee i Veidekke! Vi søker deg som er nyutdanna sivilingeniør, byggingeniør, høgskuleingeniør eller har anna teknisk utdanning på universitets- og høgskulenivå. Arbeidsstad er ved eit av våre kontor i Førde, i Sogndal, i Volda og på Sandane.

I Veidekke får du:

* Utvikle deg sjølv og karriera di gjennom utfordrande arbeidsoppgåver og systematisk kompetanseutvikling

* Vere med å skape prosjekt med stor samfunnsnytte, i tett samspel med fagfolk i Norge sitt største og leiande kompetansemiljø

* Brei og god kunnskap om selskapet, og høve til å bygge nettverk og relasjonar på tvers av organisasjonen

For nyutdanna

Alle nyutdanna som vert tilsett i Veidekke vil bli ein del av den toårige traineeordninga vår. Du blir fast tilsett og oppstart er normalt august 2020. Vi tek årleg inn ca. 70 nye trainear rundt om i landet. Mange av dei studentane vi tilset har tidligare vore knytt til oss, anten gjennom sommarjobb, eller gjennom oppgåveskriving.

Ordninga er retta mot nyutdanna sivilingeniørar, høgskuleingeniørar, siviløkonomar og andre med utdanning på universitets- og høgskulenivå. 

Individuell utvikling

I samråd med din nærmaste leiar utarbeider du ein individuell handlingsplan. Denne planen er grunnlaget for di personlege utvikling i traineeperioden.

Mentor

Du får ein mentor som skal støtte og rettleie deg undervegs i traineeperioden – ein samtalepartnar som kan gje råd og dele personlege og faglege erfaringar.

Kurs

Du fylgjer eit obligatorisk kursprogram som mellom anna omfattar HMS og økonomi. Vi tilbyr og ei rekke andre kurs som kan auke kompetansen din og skyte fart på karriera og utviklinga di.

Samlingar

Vi arrangerer fire traineesamlingar i løpet av traineeperioden. Samlingane er ein felles arena for trening, læring og erfaringsutveksling. Oppstart er alltid om hausten.

Medeigarskap

Som trainee får du aksjar i Veidekke for 10 000 kroner når du startar. I tillegg får du, som alle andre medarbeidarar, kvart år tilbod om å kjøpe aksjar med rabatt.

Har du spørsmål til traineeordninga ta kontakt med oss! Les meir og søk stillinga her: http://veidekke.no/jobb/ledige...


Veidekke Entreprenør AS

Søknadsfrist

fredag 20. desember 2019

Kontaktpersonar

Christine Aagård Midthjell

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.