IT-leiar

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og vi jobbar dagleg med nybygg i verdsklasse. Vi byggjer over eit trettitals nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. Vi skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og er stadig på jakt etter ny kompetanse.

IT er ein sentral drivar i utviklinga av Fjord1. Vi søkjer ein innovativ og strategisk IT-leiar for å styrke digitalisering og utnytting av ny teknologi. 


Arbeidsoppgaver:
Du blir ein sentral bidragsyter i teknologisk og digital utvikling, og rapporterer til CFO. Som IT-leiar får du ansvar for å vidareutvikle og implementere IT-strategien, med spesielt fokus på områder som effektiv drift, IT-sikkerhet og digitalisering av arbeidsprosessar og tenester. 

- Ansvar for organisering, styring og utvikling av IT-avdeling
- Drive utviklings- og forbetringsarbeid i selskapet
- Ansvar for utarbeiding av IT-strategi og vere ein sentral bidragsytar til leiargruppa
- Overordna ansvar for IT-sikkerheit
- Samarbeide med og vere rådgjevar for fagmiljø og avdelingane i Fjord1
- Vidareutvikle og sikre god samhandling med leverandørar og samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

- Relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule
- God innsikt i framveksande teknologi, og dei moglegheitane dette gir for innovasjon, digitalisering og forretningsutvikling
- Leiarerfaring samt evne til å leie og følgje opp prosjekt
- God organisatorisk og forretningsmessig forståing
- God kunnskap om IT-arkitektur

Personlege eigenskapar:

- Har evne til å tenkje strategisk, heilskapleg og lansiktig
- Er analytisk og kan gå inn i komplekse problemstillingar
- Har god vurderings- og avgjersleevne, og høg gjennomføringskraft
- Er god til å kommunisere, motivere og utvikle medarbeidarar
- Har evne til konstruktiv samhandling, samt dialog internt og eksternt

Vi tilbyr:

- Utfordrande og lærerike oppgåver
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn, forsikringar og pensjonsordningar.

Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?

Søk via vår elektroniske stillingsportal: https://www.fjord1.no/Karriere...

Fjord1 AS

Søknadsfrist

torsdag 31. oktober 2019

Kontaktpersonar

Anne-Mari Sundal Bøe, CFO

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.