Energi- og miljøansvarleg

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og no har vi eit ledig engasjement i stillinga som energi- og miljøansvarleg.

 
Gjennom nye anbodskontrakter har Fjord1 dei sista åra teke ein leiande posisjon innan det grøne skiftet. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og vi jobbar dagleg med nybygg i verdsklasse. Vi byggjer over eit trettitals nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. Vi skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og er stadig på jakt etter ny kompetanse.



Vi ser etter deg som brenn for faget, og som vil vere med oss vidare på vegen mot elektrifisering og nullutslepp; saman skal vi bidra til ei grønare framtid. Vi ønskjer deg som har evne til å formidle og kommunisere faget ditt til andre på ein spennande og interessant måte! Du er gjerne nyutdanna, ambisiøs og kreativ, og du har høgare utdanning innan nautikk, teknologi eller IT. 



Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?

Arbeidsoppgåver:

- Vere leiar for energiteamet
- Spesialisten vår på energileiing
- Energicoach for leiarane våre
- Etablere KPI (måltal) for energibruk
- Oppfølging av krav og retningslinjer på ISO 50001på selskaps- og avdelingsnivå

- Utarbeide energibudsjett
- Utvikle internt opplæringsprogram for energileiing
- Reiseverksemd til våre fartøy på vestlandet

Personlege eigenskaper:

- Innovativ og nysgjerrig
- Ambisiøs
- Fleksibel
- Samarbeidsdyktig og omgjengleg
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr:

- Ei spennande og sjølvstendig stilling
- Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Flinke kollegaer i eit dyktig fagmiljø
- Gode velferdsordningar

Vi ønskjer snarleg oppstart - med varigheit til og med 31.12.2020 (moglegheit for forlenging).

Søk på stillinga i vår elektroniske søkerportal: https://www.fjord1.no/Karriere...

Fjord1 AS

Søknadsfrist

søndag 20. oktober 2019

Kontaktpersonar

André Høyset, Driftsdirektør

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.