Pedagogisk leiar i Hyen skule og barnehage

Hyen barnehage har pr. i dag 7 born. Vi har ei avdeling, men deler inn barnegruppa etter alder knytt til ulike aktivitetar. Barnehagen ligg nesten vegg-i-vegg med skulen og har difor fleire felles aktivitetar gjennom året. SFO er lagt til barnehagen. Vi har ein nyrenovert idrettshall og symjehall eit steinkast unna.

Vi har ledig 80% fast stilling som pedagogisk leiar.

Pedagogisk leiar skal ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid. Vedkommande må vere støttande og styrande i sin leiarfunksjon, både inn mot personalet, foreldregruppe og barnegruppe. Den som vert tilsett må nytte resultatleiing som leiingsverktøy og elles jobbe etter rammeplan for barnehagar og prinsippet om tidleg innsats. Rettleiing av personalet vert ein del av oppgåvene. Personalansvar og økonomi er lagt til rektor på Hyen skule og barnehage. 

Sjå fullstendig utlysing og søk på stillinga her


Gloppen kommune

Søknadsfrist

søndag 20. oktober 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.