Advokat/advokatfullmektig

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet. Banken har ein forvaltningskapital på over 55 milliardar kroner og over 270 tilsette. Banken har det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen, og er eineeigar av eit eigedomsmeklingselskap, eit bustadkredittselskap og eit eigedomsselskap.

Banken søkjer primært etter ein advokat for finanskonsernet, men vil alternativt vurdere å tilsette ein erfaren jurist som advokatfullmektig.

Nærmare om stillinga
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å gi juridiske råd og delta i tverrfaglege prosessar som er viktige for konsernet. Rådgjevinga vil omfatta alle typar rettslege spørsmål med unntak for skatte- og avgiftsspørsmål. I tillegg til nemnde rådgjeving omfattar stillinga prosessoppdrag for konsernet og deltaking i konsernet si interne kompetanseutvikling. Stillinga blir ein del av eit juridisk miljø med to heile advokatstillingar.


Bakgrunn, kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søkjer primært etter ein advokat, men personar med master i rettsvitskap / cand. jur. og relevant arbeidserfaring, gjerne frå finansføretak, vert oppmoda om å søkje. 
Søkjarane må ha høg fagleg integritet, høg arbeidskapasitet, interesse og forståing for kommersielle forhold, vere imøtekomande og sørvisinnstilt. Det vert i tillegg lagt vekt på evne til sjølvstendig arbeid, gjennomføring av pålagde arbeidsoppgåver, målretta og systematisk arbeid og god munnleg og skriftleg framstilling.
Det vert gitt tilbod om kompetanseheving i form av eksterne kurs.


Vi tilbyr
Vi tilbyr løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar, fleksibel arbeidstid, finansielle tenester på tilsettevilkår og tilsettegoder som bedriftshytteordning og bedriftsidrettslag.

Søk på stillinga her

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

tirsdag 29. oktober 2019

Kontaktpersonar

Asgeir Bjørdal

Eirik Rostad Ness

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.