Vil du bli rektor på Sogndal vidaregåande skule?

Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet hjå elevane, og gir dei eit godt grunnlag til å møte endringar i framtida? Vil du sette retning og bidra til at den vidaregåande opplæringa når nye høgder?

Vi søkjer deg som

  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • har vilje og evne til å sameine skuleleiing og tilsette om samarbeid for eleven
  • arbeider målretta med eksterne samarbeidspartnarar
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
  • har gode leiareigenskapar og praksis frå leiarstilling
  • har god kjennskap til, og fortrinnsvis erfaring frå, vidaregåande opplæring
  • har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne

Rektor er heilt sentral for å lukkast med opplæringa til den enkelte. Vi ønskjer ein leiar som er fagleg dyktig og handlekraftig. Rektor får handlingsrom til å leie og utvikle Sogndal vidaregåande skule til å bli eit nyskapande kompetansesenter som møter samfunnsutviklinga lokalt og regionalt.

Vi forventar at rektor skapar eit godt og inkluderande arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette, bygd på tillit og respekt for kvarandre. Rektor arbeider for å nå overordna mål gjennom å vere ei drivkraft for endring og utvikling.

Vi tilbyr

  • givande arbeid med ungdom og vaksne i opplæring
  • eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ei spanande leiarstilling på ein ny vidaregåande skule – i hjartet av Campus Fosshaugane
  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Vestland fylkeskommune har høg kompetanse på utvikling, leiing og styring av dei vidaregåande skulane. Vi legg vekt på godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring.

Kvalifikasjonar
Den som blir tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i tilsettinga. Vi forventar høg digital kompetanse.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at søkjarar til stillinga kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

Søknadsfrist: 20. oktober

For meir informasjon om stillinga, kontakt ass. fylkesdirektør for opplæring Tor-Einar Holvik Skinlo, telefon 958 39 029, eller fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim, telefon 415 30 956.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

søndag 20. oktober 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.