Fleire ledige stillingar i kommunale barnehagar

Kommunestyret i Gloppen har vedteke at det skal etablerast ei mellombels småbarnsavdeling i Gloppefjord område frå 01.01.20, samt auke antal plassar i Breim barnehage frå 01.03.20. 

I den samanheng søkjer vi no etter fagleg engasjerte medarbeidarar. Nokon av dei mellombelse stillingane kan det verte aktuelt med fast tilsetting i samband med opptak til nytt barnehageår. Menn oppmodast til å søke. Det er i skrivande stund ikkje klart kor avdelinga vert plassert.

100% mellombels stilling pedagogisk leiar, 01.01.20-14.08.20
100% mellombels stilling barnehagelærar, 01.01.20-14.08.20
100% mellombels stilling fagarbeidar, 01.01.20-14.08.20
100% mellombels stilling fagarbeidar Breim barnehage 25.02.20-14.08.20
80 %  fast stilling fagarbeidar Breim barnehage frå 01.01.20


Når det gjeld stillingar som fagarbeidar søkjer ein primært etter fagarbeidar, men dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar vert assistent vurdert.

Sjå fullstendig utlysing, og søk på stillingane her

Gloppen kommune

Søknadsfrist

søndag 20. oktober 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.