Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i sosialt arbeid

Om stillinga:

Ved Institutt for velferd og deltaking er det to ledige 100% stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid.
Arbeidsplassen er Campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og forsking innan fagområdet sosialt arbeid
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • Arbeid med internasjonale nettbaserte studiar
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt. Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid, men den som vert tilsett må også pårekne undervisning- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbod i instituttet

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga har slike krav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d innan relevante fagområrde for sosialt arbeid. Utdanning som er tatt utanfor Norge skal vere godkjend og stadfesta av NOKUT
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. 
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjaren ha relevant mastergrad i sosialt arbeid eller eitt anna samfunnsfageleg fag. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vert også vektlagt.
  • Søkjarane må ha grunnutdanning i sosialt arbeid
  • Relevant arbeidserfaring innan sosialt arbeid er ein fordel
  • Arbeidsspråket er norsk og krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God IKT-kompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.
 
Ønskede kvalifikasjonar: 

  • Pedagogisk erfaring

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg og ha interesse for å utvikle sosionomutdanninga
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • God evne til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” her.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i tråd med kompetansekrava for stillinga, i stillingskode 1011 førsteamanuensis / i stillingskode 1198 førstelektor / i stillingskode 1008 høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar, Mariann Iren Vigdal, telefon: 57 67 76 36, e-post: Mariann.Iren.Vigdal@hvl.no

2) Insituttleiar, Svanaug Fjær, telefon: 55 58 57 53, e-post: svanaug.fjer@hvl.noSamspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 
Les meir på våre heimesider.

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse,funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

søndag 20. oktober 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.