Sjukepleiarar og vernepleiar

Vi har ledige heile stillingar som: 
Sjukepleiarar:

Høyanger sjukeheim/open omsorg- arbeidstid: 2-delt turnus med arbeid 3.kvar helg.  
Kyrkjebø sjukeheim - arbeidstid: 3.delt turnus med arbeid 3.kvar helg.


Høyanger kommune er med i prosjekt legevaktpilot. Sjukepleiarar ved institusjonar og heimesjukepleien vil få ei særskilt oppgåve med legevakt på ettermiddag kvardagar og dag/ettermiddag helg og høgtid. Du får opplæring og kursing for legevaktoppgåver. Arbeidsoppgåver er ordinære sjukepleieoppgåver men vil og være ein del av legevakpilot. 
Søkjarar må ha sjukepleiarutdanning/norsk autorisasjon og førarkort kl B . Føremon med relevant praksis.





Vernepleiar:
Open omsorg Høyanger - teneste for utviklingshemma og psykiatri. Arbeidstid: dagtid med mogeleg noko arbeid ettermiddag/kveld.

Søkjarar må ha vernepleiarutdanning eller annan relevant høgskuleutdanning. Førarkort kl B.

Arbeidsoppgåver:
  • planlegging av tenestetilbod til den einskilde brukar både i PU og psykiatritensta.
  • rettleiing til anna personale innan PU-tenesta
  • følgje opp brukarar av tenestetilbodet i dagleglivet
  • koordinering og sakshandsaming for PU-tenesta i kommunen  - mellombels arbeidsfelt førebels til mai 2020.
Felles for stillingane:
Vi ynskjer at du:
  • har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • er fleksibel og samarbeidsvillig
  • har godt humør
  • behersker norsk skriftleg og munnleg

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter gjeldande tariff. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest. 

SØKNADSFRIST: 20.10.2019

Søknad via vårt søknadssenter - merk sak 19/789 (sjukepleiar) og sak 19/863 (vernepleiar)


Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd  med reglane i offentleglova.

Høyanger kommune

Søknadsfrist

søndag 20. oktober 2019

Kontaktpersonar

Institusjonsleiar Sonja Myrekrok

Einingsleiar Oddveig Eide

Institsjonsleiar Kyrkjebø sjukeheim Oddny Sørestrand

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.