Overlege i psykiatri

Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som psykiater frå 01.03.2020. LIS 3 som har eitt år eller mindre igjen til å bli ferdig psykiater kan og søke. Arbeidsoppgåvene vil vere knytt mot sengepost, poliklinikk og ambulant arbeid.

Senteret er eit moderne DPS som er delt i seksjon Dag og Døgn. Vertskommunen er Sogndal, med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunane i Indre Sogn er mellom anna kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for eit aktivt friluftsliv.


Arbeidsoppgåver

- Diagnostisk utgreiing og behandling

- Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell

- Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar

- Deltaking i senteret sin beredskapsordning i lag med dei andre legane på senteret

- Poliklinisk arbeid eller sengepost etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar 

- Norsk autorisasjon som psykiater

- Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er heilt avgjerande for forsvarleg  pasienthandsaming

- Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

- Førarkort i klasse B, er ein føremon men ikkje eit krav


Personlege eigenskapar 

-  Du har motivasjon og engasjement for faget og pasientgruppa

-  Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

-  Du tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar 

-  Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt

-  Bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr 

- Vi tilbyr eit godt arbeidmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer med brei og god kompetanse

- Gode mogelegheiterfor fagleg og personleg utvikling 

- Løn etter gjeldande overeinskomst

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

- Eit aktivt og triveleg fagmiljø med tverrfaglig samarbeid 

- Evt. hjelp med bustad, gje opp i søknaden dersom det er ønskeleg

Helse Førde

Søknadsfrist

søndag 13. oktober 2019

Kontaktpersonar

Øyvin Helge Myrmel

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.