Har du eit brennande engasjement for digital marknadsføring og kunne tenkt deg å bu i Sogndal?

Vi søkjer digital rådgivar 

Som digital rådgivar i Gasta skal du jobbe for at våre kundar oppnår suksess gjennom smarte, målretta digitale kampanjar.

Dette er ei nyoppretta stilling som vil vere sentral i vår satsing på medierådgiving og digitale kampanjar. Du skal ha ansvar for innsal, planlegging og optimalisering av marknadsaktivitetar til våre kundar og bidra til å sikre at våre kundar oppnår suksess.

Vi ser etter deg som:
  • har stor interesse for digital marknadsføring
  • har inngåande kjennskap til sosiale medier, Google Ads og Business Manager
  • har kjennskap til webanalyse – Google Analytics
  • har eit forhold til SEO, SEM og CRO
  • beherskar norsk (helst også nynorsk!) og engelsk skriftleg og munnleg
  • har erfaring frå tilsvarande jobb i dag, eller har relevante sertifiseringar og eit brennande ønskje om å jobbe med dette.
  • er sjølvstendig, god til å kommunisere
  • har eit kommersielt fokus
Vi tilbyr:
  • 100% fast stilling
  • stor kundemasse med interessante utfordringar
  • engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø på Campus Sogndal
  • konkurransedyktige lønn etter avtale
  • treningskort på Idrettsenteret, som held til i etasjen under oss
  • kø- og bompengefri kvardag med kort avstand til det meste
Arbeidsstad
  • Campus Sogndal

Send søknad med CV til vidar@gasta.no innan 22.september. 

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Vidar Bondevik på 48 23 63 23.


Gasta design & kommunikasjon

Søknadsfrist

søndag 22. september 2019

Kontaktpersonar

Vidar Bondevik

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.