Pedagogisk leiar - vikariat

Lavik barnehage er godkjent for 36 plassar, og er samlokalisert med Lavik skule. Barnehagen ligg sentrumsnært i Lavik og har kort avstand til symjehall, fjøra, butikk o.a. Gode turmogelegheiter i nærleiken av barnehagen.

I perioden frå snarast  – 29.02.20 er det ledig stilling som pedagogisk leiar  - vikariat. Stillingstorleik 40 % frå snarast. Kan auke opp mot 100 % i tida fram til 01.12.19. Frå denne datoen til 29.02.20 100 % stilling. 

Søkjarar må:

• ha utdanning som barnehagelærar – eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
• kunne arbeide sjølvstendig og målretta
• kunne skape gode relasjonar til born og vaksne
• vere fleksibel og samarbeidsvillig
• ha godt humør

Politiattest blir krevd ved tilsetting. 

Lønn etter gjeldande tariff. 

Gode pensjons- og forsikringsordningar.  

Kontaktperson: styrar Marit Gjersvoll på tlf 99219388. 

Søknadsfrist: 22.09.2019  

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter på www.hoyanger.kommune.no  Merk søknaden med 19/761.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd  med reglane i offentleglova.

Høyanger kommune

Søknadsfrist

søndag 22. september 2019

Kontaktpersonar

Marit Gjersvoll

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.