Kokke/kokekyndig

Ved Svelgen Omsorgssenter er det ledig ei 100 % fast stilling som kokke/kokekyndig frå november 2019. I stillinga inneber det for tida arbeid kvar 3.helg.

Vi ynskjer medarbeidarar med fagbrev innan kokkefaget, men andre med relevant praksis er velkomne til å søkje.

Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg.


Bremanger kommune kan tilby:

  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass.

I mars 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt omsorgssenter i Svelgen.Her arbeider vi i moderne omgjevnadar.Kjøkkenet er av fagfolk sagt, blant dei beste institusjonskjøkkena i landet, kor det er vektlagt at ein skal kunne gje god kvalitet på varene ein leverer og at medarbeidarane skal ha ein god og tilrettelagt arbeidsplass.


Omsorgssenteret er delt inn i fem einingar med m.a. demens, rehabilitering og lindrande pleie. På kvar eining er det avdelingskjøkken, så det er kun den varme maten som vert tilberedt på institusjonskjøkkenet.

Vi arbeider i årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode medarbeidarar!

Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av nyare dato.
 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentliggjort, sjølv om du ikkje ønskjer å stå på søkjarlista.

Dersom du ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må du grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.Alle som søkjer på ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 29. september 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.