Utviklar til vårt datavarehus

Ønskjer du å vere med å styrke grunnlaget for betre avgjerder og informasjonsforvalting i ei spennande bedrift? Bli med på å forme framtidas bank. Vi har ledig stilling som utviklar for BI og datavarehusavdelinga vår.

Sparebanken Sogn og Fjordane har eit utviklar-, design- og arkitektmiljø som utviklar og forvaltar banken sitt Datavarehus og MDM-løysing. For å styrke dette arbeidet har banken ei ledig stilling som skal jobbe med arkitektur, teknologi, utvikling og forvaltning.

Vi skal:
  • Sikre og oppretthalde høg datakvalitet - nøyaktige og pålitelege data om kundar, produkt og organisasjon
  • Eit heilskapleg og konsistent datagrunnlag i fagsystem og datavarehus/BI/rapportering
  • Understøtte auka krav i lovgiving inkludert Basel II, MiFID og GDPR
  • Gje grunnlag for forbetring, kontroll og endringsevne.
Du får moglegheit til å jobbe med ei rekke spennande og forretningskritiske problemstillingar:
  • Jobbe tett på tvers av avdelingar i bedrifta
  • Utvikle analysar og rapportar til vedtaksgrunnlag og strategiske val
  • Utvikle systemintegrasjon mellom sentrale system og datavarehus
  • Definere og forvalte sentrale data og omgrepUtvikle løysingar for informasjonsforvaltning
  • Finne gode teknologiske og arkitektoniske løysingar
  • Følgje opp forvaltningsleverandør

Vi søkjer deg som:
  • Har høgare utdanning innan IT eller informasjonsvitskap
  • Har erfaring frå tilsvarande prosjekt - ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Er nysgjerrig og har høg arbeidskapasitet
  • Er god til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Har ein analytisk og strategisk tenkjemåte
Er strukturert og målretta


Synest du dette høyrast spennande ut? Du er når som helst velkomen til å ta ein uforpliktande prat med leiar for BI og Datavarehus, Anne Sofie Håheim, telefon 918 07 065 eller e-post anne.sofie.haheim@ssf.no, eller leiar for forretningsstøtte, Silje Sunde, telefon 924 23 472 eller e-post silje.sunde@ssf.no.

Send søknad her

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 22. september 2019

Kontaktpersonar

Anne Sofie Håheim

Silje Sunde

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.