Konsulent kundesystem

Sparebanken Sogn og Fjordane er eit konsern i kontinuerleg vekst og med ambisiøse målsettingar. Vi søker etter ein medarbeidar som skal arbeide med kundesystem, bakanforliggande system og produkt. Stillinga vert plassert i avdeling Forretningsstøtte under leiar kundesystem. 

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak omfatte:

  • Utvikling av banken sine løysingar og produkt for tilsette og kundar. 
  • Delta i utviklingsprosjekt, spesielt kjernefornyingsprosjektet. 
  • Kompetanseutvikling av dyktige medarbeidarar. 
  • 2. linje støtte på kundesystem (Sal & kunde og andre aktuelle system). 
  • Etterleving av til ein kvar tid gjeldande lovverk og regulativ

Til stillinga søker vi ein person med følgjande kvalifikasjonar:

  • God kunnskap om bank og bankløysingar (Sal & kunde, Loan Process, m.m.). 
  • Kunnskap om EVRY kjerne og andre støttesystem, t.d. IHub, Adobe, arkiv, autentisering. 
  • God forståing av samspelet mellom applikasjonar og løysingar. 
  • Kunnskap om Microsoft løysingar. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, flytande norsk skriftleg og munnleg. 
  • Er nøyaktig og kan arbeide sjølvstendig. 
  • Trivst i et miljø med høgt aktivitetsnivå

Vi tilbyr:

  • Ein utfordrande stilling i ein bransje i sterk teknologisk utvikling og med gode   framtidsutsikter. 
  • Lønn etter avtale og fri pensjonsordning

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte Geir Grime på telefon 481 67 084 eller e-post geir.grime@ssf.no, eller Silje Sunde på telefon 924 23 472, e-post silje.sunde@ssf.no.


Send søknad her

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 22. september 2019

Kontaktpersonar

Geir Grime

Silje Sunde

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.