Sjukepleiar til sjukeheim og heimesjukepleie

Hyllestad kommune har ledig 2 x 100 % stilling som sjukepleiarar i omsorgstenestene.  Stillingane vil vere fordelt både i heimetenestene og på institusjonen.  Ei av stillingane er i turnus på natt, om ønskjeleg kan ein få tilrettelagt deltid ned til 60 % for nattstillinga.
Som sjukepleiar i Hyllestad kommune er du med å sikre at brukarane av omsorgstenestene får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.

Arbeidsoppgåver
Utøve sjukepleie til brukarane
Ansvar for at brukarane får pleieplanar og at desse vert oppdatert og oppfulgt
Samarbeid med tilsynslege og legevakt, når ikkje avdelingssjukepleiar er til stades
På kveld, helg og natt - ta naudsynte avgjerder for at drifta kan gå til ansvarleg tenesteleiar er tilbake (t.d. vurdere behov og ev. innleige av vikar, kontakte teknisk vakt, yte naudsynt helsehjelp)
Medikamenthandtering
Delta i bakvaktsordning
Delta i legevaktsordning (pilotprosjekt frå desember 2019)
Ha kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Gjerne relevant erfaring
Gode norskkunnskapar
Førarkort for personbil
Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr
Spennande arbeidsoppgåver
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Hjelp til å finne bustad

Vel møtt som søkjar!

 

Hyllestad kommune

Søknadsfrist

søndag 1. september 2019

Kontaktpersonar

Målfrid Sognnes

Elin Garnes Solås

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.