Tenesteleiar omsorgstenesta - institusjon

Stillinga utgjer ein av i alt to tenesteleiarstillingar for omsorgstenesta, der heimetenesta har eigen tenesteleiar. Stillinga inngår i rådmannen si leiargruppe, og rapporterer direkte til rådmannen.

Ansvarsområde er leiing og utvikling av Eiklund sjukeheim, kjøkken, vaskeri og reinhald, dagsenter og fysioterapi, samt ein sakshandsamar som er tilknytta omsorgstenesta.

Eiklund sjukeheim ligg idyllisk til på Sørbøvåg i Hyllestad kommune, og har per no 22 plassar fordelt på 3 avdelingar. Kommunen har litt i underkant av 1400 innbyggjarar, og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på kring 10.500.

Eiklund er ein flott sjukeheim med mange gode tilbod til pasientane; Blant anna eige kjøkken som lagar heimelaga mat, eigen fysioterapeut, eigen aktivitør to dagar i veka, samt ein flott sansehage med frittgåande høns.

1. desember er det planlagt opning av lokal legevaktsatelitt i tilknyting til omsorgstenesta, og Hyllestad er ein av pilotkommunane. I prosjektperioden vil personale få kompetanseheving i akuttmedisin og det vil bli installert velferdsteknologi og videoutstyr der ein kan kommunisere direkte med SYS-IKL legevaktsentral i Førde.

Sentrale arbeidsoppgåver
Leie og utvikle institusjonstenesta som ein del av omsorgstenesta
Budsjett, økonomi og personalansvar
Rekrutteringsarbeid og kompetanseutvikling
Fagleg ansvar for institusjon og kvalitetsutvikling i tenesta
Medansvar for legevaktpilotprosjektet

Kvalifikasjonar
Relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, gjerne med vidareutdanning innan organisasjon og leiing
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Kunne nytte IT som verktøy
Leiarerfaring

Personlege eigenskapar
Evne til å kommunisere og motivere
Gode samarbeidsevner
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Like å arbeide i ein hektisk kvardag
Det må leggast fram tilfredstillande helse- og politiattest før tiltreding.

Vi tilbyr
Leiaropplæring for nye leiarar i regi av KS
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med kjekke kollega
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
Høve til fagleg og personleg utvikling
God oppfølging av nytilsette
God pensjonsordning i KLP
 
Velkomen som søkjar!

Hyllestad kommune

Søknadsfrist

søndag 1. september 2019

Kontaktpersonar

Gunn Lerøy

Elin Garnes Solås

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.