Fysioterapeut

Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut frå snarast, stillinga er knytt til sjukeheimen.

Som fysioterapeut i Hyllestad kommune er du med på å leie og utvikle fysioterapitenestene, samt samordne rehabiliteringsarbeidet i kommunen og sikre ei god og kvalitetssikra teneste.  Stillinga er plassert i helse- og omsorgstenestene og næraste overordna er tenesteleiar institusjon.

Kommunen har eigen fysioterapeut i omsorgstenestene som organiserer fysikalst behandling og trening for pasientar ved sjukeheimen og i heimetenestene. 

Arbeidsoppgåver
Leie og samordne det daglege arbeidet på fysioterapiavdelinga
Leie og samordne rehabiliteringsarbeidet i kommunen
Hjelpemiddelkontakt
Leie frisklivssentral og Aktiv på dagtid
Leie koordinerande eining i høve til varige og samansette tenester/individuell plan
Internkontroll og kvalitetsutvikling
Samordne/samarbeide med andre kommunale tenester, NAV, spesialisthelsetenesta og frivillige organisasjonar
Ivareta naudsynt rapportering internt og eksternt
Utviklingsplanar for tenesteområdet
Kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar
Utdanning/godkjenning som fysioterapeut
Gjerne erfaring med frisklivsarbeid/folkehelsearbeid
Generelt gode IKT-kunnskapar
Gode norskkunnskapar
Førarkort for personbil
Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
Hjelp til å finne bustad

Velkomen som søkjar!

 

Hyllestad kommune

Søknadsfrist

søndag 1. september 2019

Kontaktpersonar

Målfrid Sognnes

Elin Garnes Solås

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.