Ergoterapeut

Helse- og omsorgstenestene i Hyllestad har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut. Ergo- og fysioterapitenesta har fokus på helsefremjande og førebyggande tenester, behandling, rehabilitering, god samhandling med andre tenester og brukarmedverknad. Vi yter tenester til alle aldersgrupper, både heimebuande og dei på institusjon. Ergo- og fysioterapi inngår som ein del av eit tverrfagleg tenestetilbod men blir også gitt som enkelttiltak.

Arbeidsoppgåver

Kartlegging av funksjonar og tilpassing av aktivitetar/arbeidsvanar
Formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel
Velferdsteknologi 
Tilrettelegging av fysiske omgjevnader
Rettleiing, informasjon og undervisning 
Individuell trening og/eller gruppetrening 
Kvardagsrehabilitering

Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som ergoterapeut 
Du er løysningsfokusert og har fokus på pasienten sine behov og eigenskapar 
Generelt god IKT-kompetanse
Gode norskkunnskapar
Førarkort for personbil
Det må framvisast tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding

Personlege eigenskapar  
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert 
Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka 
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
Hjelp til å finne bustad

Vel møtt som søkjar!

Hyllestad kommune

Søknadsfrist

søndag 1. september 2019

Kontaktpersonar

Målfrid Sognnes

Elin Garnes Solås

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.