Programrådgjevar NAV Gloppen

NAV Gloppen er eit partnarskap mellom Gloppen kommune og staten. Kontoret har 11 tilsette (kommunalt og statleg tilsette) og ligg sentralt i Sandane sentrum.

Flyktningtenesta i Gloppen er ein del av NAV kontoret. Vi har som hovudoppgåve å busetje og drifte introduksjonsprogrammet for flyktningar. Det er ca. 25 deltakarar på introduksjonsprogrammet i dag, og kommunen har vedteke å busette 20 flyktningar i løpet av 2019. Introduksjonsprogrammet er som regel eit 2-årig løp. 

Det er programrådgjevar som har hovudansvaret for oppfølging av den enkelte deltakar i introduksjonsprogrammet. 

Arbeidsoppgåver  

  • Sakshandsaming etter Lov om introduksjonsordning. 
  • Koordinere og drifte introduksjonsprogrammet for nyankomne flyktningar. Det inneber å kartlegge, lage individuell plan,  følge opp og evaluere deltakarar i programmet. 
  • Rettleiing mot arbeid/utdanning. 
  • Oppfølging av deltakarane i språk- og arbeidspraksis.
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar. 
  • Utforme og ha hovudansvar for undervisningsopplegg i sommar, vinter- og haustferiar for introduksjonsdeltakarane.
  • Delta i busetjing av nyankomne flyktningar. 
  • Andre oppgaver i NAV vil bli tillagt stillinga.

 Kvalifikasjonar  

  • Sosialfagleg utdanning eller annan relevant utdanning på bachelornivå. 
  • Ynskjeleg med erfaring fra saksbehandling/offentlig forvaltning. 
  • Kjennskap til Forvaltningslova og Introduksjonslova. 
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa er ynskjeleg.
  • Ynskjeleg med erfaring fra veiledning mot arbeid og utdanning.
  • Førarkort klasse B.
  • God skriftlig og munnleg fremstillingsevne.
  • Kjennskap til kommunale og statlige virkemidler/ tiltak.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 Vi tilbyr  

  • Eit spennande fagfelt som er i kontinuerleg utvikling. 
  • Stor grad av fridom til å organisere innhaldet i eigen arbeidskvardag. 
  • Ein arbeidsplass med stor takhøgde for nye idear på korleis vi kan utvikle integreringsarbeidet vidare. 
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Ved evt internt opprykk vil det kunne bli ledig vikariat ved avdelinga.


Gloppen kommune

Søknadsfrist

søndag 8. september 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.