Kundehandsamar - energi

Stor kontaktflate og faglege utfordringar

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet driftar vasskraftstasjonar med ein årleg produksjon på vel 720 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional- og distribusjonsnett på 1872 km samt eit omfattande fibernett. Konsesjonsområdet omfattar kommunane Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal samt Frønningen i Lærdal kommune.

Sognekraft har for tida høg aktivitet innan kraftsal til sluttkunde og endringar som påverkar nettkundane. Digitalisering er ein del av vår kvardag internt og ut mot kundane. Vi søkjer derfor etter engasjert og dyktig kundehandsamar til kundesenteret.

ARBEIDSOPPGÅVER

  • Kundeservice, rådgjeving og sal
  • Følgje opp kunde i kundesystemet som ajourhald kundeopplysningar, avrekning, fakturering, reskontro m.v.
  • Sakshandsaming, arkiv og post
  • Delta i prosjekt

KVALIFIKASJONAR

  • Utdanning frå høgskule, gjerne innan økonomi og administrasjon
  • IKT kompetanse og god systemforståing
  • God formidlingsevne på norsk munnleg og skriftleg
  • Gjerne erfaring frå kundeservice og sal

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Engasjert, sjølvstendig og positiv
  • Strukturert og effektiv
  • Dyktig rettleiar som skapar gode samtalar med kundane, smiler i telefonen
  • Ønskjer å oppnå resultat saman med kollegar
  • Endringsorientert, fleksibel og påliteleg

VI TILBYR

  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Jobbe med fornybar energi
  • Konkurransedyktige løns- og forsikringsvilkå

Kontorstad i Vik eller Sogndal.

For meir informasjon ta kontakt med ansvarleg for kundesenter Beate Seim tlf. 97494509

Noko for deg? Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no

Sognekraft AS

Søknadsfrist

tirsdag 27. august 2019

Kontaktpersonar

Beate Seim

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.