Sakshandsamar barnevern

Barneverntenesta i Gloppen har fire fagstillingar, inkl. barnevernsleiar. Tenesta driftar og eit interkommunalt team knytt til heimebaserte tiltak med to fagstillingar, og har eit samarbeid med Stryn og Eid på akuttberedskap.

Vi har ledig 100% fast stilling som sakshandsamar med verknad frå 1. november 2019.

Arbeidsoppgåver  

  • Sakshandsaming etter lov om barneverntenester, frå undersøking til planlegging, iverksetjing og oppfølging av vedtak/tiltak. 
  • Samarbeid med barn og familiar. 
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar. 

Kvalifikasjonar  

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjerne med vidareutdanningar og sertifiseringar.
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid i barnevernet.
  • Førarkort klasse B.

 Personlege eigenskapar  

  • Evne til å tenke strategisk, ta avgjersler, arbeide målretta og systematisk med planlegging, gjennomføring og oppfølging.
  • Høg fagleg og etisk bevissthet.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig.
  • God skriftleg framstillingsevne og samtalekompetanse
.

 Vi tilbyr  

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.



Gloppen kommune

Søknadsfrist

lørdag 31. august 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.