Prosjektleiarar - Klimapartnarar Sogn og Fjordane

Om arbeidsgiver

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner. Sogn og Fjordane fylkeskommune ved planstaben er ein aktiv plan- og utviklingsaktør som saman med kommunane, statlege etatar, næringsliv og organisasjonar arbeider med plan- og utviklingstiltak i fylket.

Om stillingen

Den som vert tilsett i den eittårige prosjektstillinga skal vere med å styrke arbeidet med klimaomstilling av Sogn og Fjordane, i tråd med Regional plan for klimaomstilling (2018). Prosjektet skal sjå på organisering og samansetning av eit partnarskap mellom næringslivet og offentlege verksemder i Sogn og Fjordane. Arbeidsoppgåver: 
Ansvar for å etablere nettverket «Klimapartnarar Sogn og Fjordane»
Organisere og gjennomføre dagleg drift av nettverket
Følgje opp det systematiske klimaarbeidet i verksemdene i Klimapartnarar, og slik bidra til å redusere klimagassutslett og auke verdiskapinga i regionen
Rettleie, setje i gang og gjennomføre konkrete prosjekt saman med deltakande verksemder
Promotere nettverket sine medlemmar og satsingar
Jobbe saman med tilsette i fylkeskommunen for å følgje opp Regional plan for klimaomstilling, for å få til ei klimaomstilling i Sogn og Fjordane
Bidra til etableringa av Klimapartnar Vestland og sikre vidareføring etter endt prosjekt, i tett dialog med Klimapartnarar Hordaland og deira prosjektleiar
Jobbe aktivt med forankring i eigen organisasjon (fylkeskommunen) gjennom presentasjonar og saker både politisk og administrativt, ute i avdelingane og i leiargruppa

Vi krev
Universitet- eller høgskuleutdanning på masternivå innan samfunnsvitskap, økonomi eller teknologifag. Relevant erfaring/praksis kan vege opp for manglande formell kompetanse.

Vi vektlegg 
Erfaring med eller fagkunnskap om klimatiltak og verkemiddel, grøn verdiskaping og forretningsutvikling, eller miljøleiing er ein fordel

Leiarerfaring frå prosjektleiing eller nettverksarbeid
Erfaring frå privat næringsliv, og kjennskap til offentleg verksemd
Kjennskap til Klimapartnarar er ein fordel
Gode samarbeidsevner, for å nå felles mål
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Gjennomføringsevne
Utviklingsorientert
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi kan tilby
Spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Fleksibel arbeidstid


Stillinga inneber noko reiseverksemd, og det krav om at den som vert tilsett har førarkort. Kontorstad: Leikanger eller Førde. 
Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk. På heimesida vår: www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærmare opplysingar får du hjå plansjef Synnøve Stalheim, telefon 478 97 260. 

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn i søknadsbildet www.sfj.no Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil blir orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Søknadsfrist: 11. august 2019.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

søndag 11. august 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.